Product Description
…………………….Boek heeft geen omslagkaft.
Ingeborg Refling Hagen var forfattar og kulturarbeidar. Ho var ein folkekjær diktar som nådde vidt ut gjennom eit brennande engasjement for fridom, kultur og opplysing.
Ingeborg Refling Hagen var fødd på Tangen i Hedmark. Ho vaks opp i tronge kår i eit samfunn prega av skarpe klasseskilje, og ho laut sjølv tidleg ut i arbeid – som 13-åring drog ho til England og arbeidde som guvernante. Tilbake i Noreg i 1920 debuterte ho som forfattar, og ho blei raskt ein sentral person i kunstnarmiljøet Ekebergkolonien i hovudstaden. Hagen skreiv både romanar, lyrikk og noveller, og blei svært populær. Ho brukte ofte hedmarksdialekten når ho skreiv, og viste såleis veg for diktarar som Hans Børli og Alf Prøysen. Gjennombrotet som lyrikar kom med Jeg vil hem att (1932), følgt av ei rekkje diktsamlingar.
Serien Livsfrisen (Vi må greie oss selv (1948), Jeg vil lete og banke (1949), Den første morgentimen (1950), Jeg så det (1953), Spekulanter (1975) og Min venn, jeg drømte det jo bare (1977)) er sjølvbiografiske. Det same er samlinga Eventyr og historier I–IV (1967–1970).
Ingeborg Refling Hagen har fått ei rekkje prisar, og i 1967 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si. I 1975 blei ho tildelt Norsk kulturråds ærespris. Hagen fekk Statens kunstnarløn fra 1936.